Nicolas heitte ein mann. Som ung mann drog han i viking og samla store skattar og gull i Britannia. Ein dag kom han heim med det gilde skipet sitt og sa han ville gje ein stor skatt til heimbygda si. Han ville syne fram skattane sine for allmugen og peikte på ei falleferdig rønne som låg attmed hamna. Rønna hadde før lagra korn, men hadde vore utsett for ver og vind i lang tid, og mykje måtte gjerast før det kunne bli ein gild hall til dei store bilettavlene og annan stas.
Mange tykte dette var svært gildt, ikke minst alle dei mektige frendane hans. Det gjaldt særleg ordstyrarane på bygdetinget, Grunde-Arvid og Furre-Harald. Men også mange andre syntest det var stor stas. Ikkje minst var det Gunders-Mette som var leiar for trælefylkinga. Mange mumla at det var litt rart at ho var så glad i rike folk og likte så seg så godt til bords med hovdingane, ho som sjølve ein gong hadde vore træl og skjenka mjød og tørka spy på dei store drikkestovene i bygda. Men mange sa det var lenge sidan. Fortsett å lese Soga om den heilage Nicolas og den store gåva