Denne soga kunne du fyrst lese på den nye nettmagasinet Argument Agder.
I «Soga om den heilage Nicolas og den store gåva» fortalde eg om korleis Nicolas som ung mann drog i viking og samla store skattar og gull i Britannia. No er det å fortelja at Nicolas gav bod til frendar frå fjern og nær at dei skulle samlast i ein stor gildehall ein stad i Vinland. Der skulle haldast eit blote som ikkje hadde hatt sin make tidlegare.
Før reisa lot Nicolas byggja to staselege skip som flaug over havet fortare enn fuglane kan flyge. Gjestane både åt og drakk til dei blei så trøytte at dei berre datt som tunge sekkar ned i senger av lin og dun.
Slyng-Yngve heitte ein mann som var med på ferda. Han var ein mager mann utan hår, og derfor kalla nokon han for Slyng-Skalle. Han var med i hirden der han vakta Kongens skattar. No hadde det seg slik at Kongen i lang tid hadde gått viking og røva gull og gods frå mange land. Folk sa at skattane var så blitt så ofseleg store at dei kunne fylla opp grottene i eit digert fjell, og at det burde vaktast av ein drage som spruta eld og eitr. Men i staden hadde Kongen vald Slyng-Skalle. Fortsett å lese Soga om den heilage Nicolas og det store blotet i Vinland