Gudrun besøker Arendalsuka

Gudrun var lei seg. Hun hadde startet det hele, men det gikk ikke helt hennes vei. Hun hadde gitt avspark til big bang, men hadde sparket litt for hardt slik at det gjorde vondt i foten i et par millioner år. Det var så, men det verste var at hun ikke hadde klart å sette noen grenser for universets utstrekning. Hun hadde inspisert hver krik og krok av skaperverket sitt. Det hadde tatt noen milliarder år, men ennå var hun ikke ferdig.

Hun sukket. «Jeg skulle satt opp noen murer først», sa hun til seg selv. «Dette tar jo ingen ende. At jeg kunne være så dum. Er dette noen fornuftig måte å bruke livet sitt på? Selv for meg som er udødelig, er det lov å stille spørsmål ved livets mening». Fortsett å lese Gudrun besøker Arendalsuka

Soga om ljostårnet

Lenge låg landet i mørke. Det var ei skodde som spreidde seg frå havet og innover land og låg som eit vått klede som ville kvele alt levande. Folk luta seg saman og sprang så fort dei kunne mellom fjos og hus.

For farande folk var det mest uråd å take seg fram. Sjøfolka kikka mot ei råk i skydekke for å finne eit stjerneljos dei kunne navigere etter. Men kysten og livet var full av undervasskjer, og dei var sjeldan merka.

Og skodda ville ikkje sleppe taket, verken over havskap eller landskap. Nettene var lange. Når dagsljoset endelig braut igjennom, så skunda folk seg ut for å tømme nattpotta før dei hufsa seg inn til vassgrauten.

Fortsett å lese Soga om ljostårnet

Soga om møtet mellom Fykse-Olav og Nicolas den kaute

Under Arendalsveka i år blei det 17. august arrangert eit møte i regi av Den norske kyrkja. Det var sjefen for Oljefondet Nicolai Tangen og preses i Den norske kirke Olav Fykse Tveit som skulle samtala om kva slags verdiar vi treng. Samtala kan du sjå her. «Soga om møtet mellom Fykse-Olav og Nicolas den kaute» er ein kommentar til denne samtala. foto: Argument Agder

Det skjedde i dei dagane, under tinget i Arendal, at to vise menn kom saman i den ærverdige Trefoldighetskyrkja for å ljose fred over landet. Det var dei to fremste menn for andeleg og verdsleg makt i Noreg som skulle einast om sams sak.

Det var ein herleg morgonstund, og ein kunne høyra orgelmusikk i bakgrunnen medan kyrkjelyden benka seg på plass. Alle som kjenner soga, veit at det ofte har vore strid mellom biskopar og hovdingar. Stundom har det til og med kome til blodsutgytingar og mannedrap. Men difor var det no så velsigna å sjå at dei to var på fornamn.

Fortsett å lese Soga om møtet mellom Fykse-Olav og Nicolas den kaute

Soga om den heilage Nicolas og det store blotet i Vinland

Denne soga kunne du fyrst lese på den nye nettmagasinet Argument Agder.

I «Soga om den heilage Nicolas og den store gåva» fortalde eg om korleis Nicolas som ung mann drog i viking og samla store skattar og gull i Britannia. No er det å fortelja at Nicolas gav bod til frendar frå fjern og nær at dei skulle samlast i ein stor gildehall ein stad i Vinland. Der skulle haldast eit blote som ikkje hadde hatt sin make tidlegare.

Før reisa lot Nicolas byggja to staselege skip som flaug over havet fortare enn fuglane kan flyge. Gjestane både åt og drakk til dei blei så trøytte at dei berre datt som tunge sekkar ned i senger av lin og dun.

Slyng-Yngve heitte ein mann som var med på ferda. Han var ein mager mann utan hår, og derfor kalla nokon han for Slyng-Skalle. Han var med i hirden der han vakta Kongens skattar. No hadde det seg slik at Kongen i lang tid hadde gått viking og røva gull og gods frå mange land. Folk sa at skattane var så blitt så ofseleg store at dei kunne fylla opp grottene i eit digert fjell,  og at det burde vaktast av ein drage som spruta eld og eitr. Men i staden hadde Kongen vald Slyng-Skalle. Fortsett å lese Soga om den heilage Nicolas og det store blotet i Vinland

Soga om den heilage Nicolas og den store gåva

Nicolas heitte ein mann. Som ung mann drog han i viking og samla store skattar og gull i Britannia. Ein dag kom han heim med det gilde skipet sitt og sa han ville gje ein stor skatt til heimbygda si. Han ville syne fram skattane sine for allmugen og peikte på ei falleferdig rønne som låg attmed hamna. Rønna hadde før lagra korn, men hadde vore utsett for ver og vind i lang tid, og mykje måtte gjerast før det kunne bli ein gild hall til dei store bilettavlene og annan stas.

Mange tykte dette var svært gildt, ikke minst alle dei mektige frendane hans. Det gjaldt særleg ordstyrarane på bygdetinget, Grunde-Arvid og Furre-Harald. Men også mange andre syntest det var stor stas. Ikkje minst var det Gunders-Mette som var leiar for trælefylkinga. Mange mumla at det var litt rart at ho var så glad i rike folk og likte så seg så godt til bords med hovdingane, ho som sjølve ein gong hadde vore træl og skjenka mjød og tørka spy på dei store drikkestovene i bygda. Men mange sa det var lenge sidan. Fortsett å lese Soga om den heilage Nicolas og den store gåva

Soga om Thorbjørn

 

Thorbjørn heiter ein mann. Han har gjeve fredsprisen til leiaren for verdas sterkaste  hær og til venene sine i Europaflokkin.

Han er no noko tilårskomen, men framleis ein stor høvding som bur i eit gildt slott med hundehus, kone, tenarar og god innkomst.  Vonde tunger seier han har for store tankar om seg sjølv, og at dette er i strid med det folk røyner når dei treffer han på tinget eller blote. Ikkje veit eg, eg har berre samla nokre sitat opp gjennom soga:

Fortsett å lese Soga om Thorbjørn