Soga om den heilage Nicolas og den store gåva

Nicolas heitte ein mann. Som ung mann drog han i viking og samla store skattar og gull i Britannia. Ein dag kom han heim med det gilde skipet sitt og sa han ville gje ein stor skatt til heimbygda si. Han ville syne fram skattane sine for allmugen og peikte på ei falleferdig rønne som låg attmed hamna. Rønna hadde før lagra korn, men hadde vore utsett for ver og vind i lang tid, og mykje måtte gjerast før det kunne bli ein gild hall til dei store bilettavlene og annan stas.

Mange tykte dette var svært gildt, ikke minst alle dei mektige frendane hans. Det gjaldt særleg ordstyrarane på bygdetinget, Grunde-Arvid og Furre-Harald. Men også mange andre syntest det var stor stas. Ikkje minst var det Gunders-Mette som var leiar for trælefylkinga. Mange mumla at det var litt rart at ho var så glad i rike folk og likte så seg så godt til bords med hovdingane, ho som sjølve ein gong hadde vore træl og skjenka mjød og tørka spy på dei store drikkestovene i bygda. Men mange sa det var lenge sidan.

Kristenflokken i Staumefylkinga var også svært glade i Nicolas som gav dei nokre gullmyntar som dei ville gje til folk som lei naud. No kjende dei seg salige og var sikre på at St. Peter ville sjå mildt på dei når tida var inne.

Også utroparane på torget velsigna Nicolas. Blåge-Kristine ropte at alle som var imot gåva, ikkje følgde med i tida og burde halde seg til villmarka der dei høyrte heime. Mange kunstnarar som eigentleg var mot rikfolk som Nicolas, gjorde unntak i dette høve, for det kunne hende at noko av rikdommen hans draup på dei også.

Fjerme-Hallvard heitte ein annan mann. Han var leiar for Raudefylkinga, ein liten flokk som nærmast var som fredlause å rekne og som stod imot hovdingane.  Fjerme-Hallvard var mest i utlandet og skreiv ned i boka si korleis trælane i framande land levde. Men av og til var han heime, då var han mest i utmarka og levde av sopp, bær og røter, men av og til vitja han tinget der han alltid tala med høg røyst. Han var svært imot Nicolas og meinte han hadde tent rikdomen sin på uærleg vis ved å halde skattane sine løynde for futane.

Hallvard kvad då dette verset på tinget:

Futfrytaren gjev gåver gjæve

røva frå framande folk

Skal sikre ettermæle sitt

mot rust og råte

 

Furre-Harald kvad då dette verset:

Gild gåve er oss gjeve

til gaman

for store og små

Ljoset frå hallen på hamna

skal stoppe

Hallvards nedrige nidvers

 

Fugle-Reidar heitte ein annan mann. Han hadde vore hovding over ein stor gard som synte fram ville dyr frå landet til blåmennene og andre stader ingen hadde høyrt om. Folk kom frå fjern og nær i store flokkar for å vitje storgarden og sjå på merkelege og skremmande dyr: fuglar som snakka, hestar med striper, kattar med tenner som dolkar og ormar som kunne sluke heile menneske. Men mest av alt likte dei apekattane som slengde seg i trea og kasta skall og anna på dei som såg på.

Nicolas ville ha Fugle-Reidar som hovding over hallen på hamna, fordi han var så flink til å samle folk. Men mange meinte det var gjævare å sjå på dansande apekattar enn på tavler der dei ikkje hende nokon ting.

Fugle-Reidar fekk mange gullmyntar av Nicolas for å rekne på korleis dei skulle få samle like mange som vitja dei ville dyra. Reidar rekna og rekna, men til slutt segla han, Furre-Harald, Grunde – Arvid og Nicolas på signingsferd til hovudstaden for å snakke med rådgjevarane til kongen.

Der godsnakka dei med Grande-Trine vel og lenge, og til slutt gav ho etter og lova ei mengd pengar til å byggje om den gamle rønna. Men dette var ikkje nok. Dei måtte også samle gull frå to andre bondeting.

Her både lokka og truga Grunde-Arvid. Han sa at dersom dei ikkje gav fleire gullmyntar, ville Nicolas segle sin veg og ta med gåva tilbake til Britannia. Nokre meinte det kunne vere det same, mens andre meinte dette snakket likna på det dei tidlegare hadde høyrt frå dei snakkande fuglane frå garden til Fugle-Reidar. Nokre minte Grunde-Arvid på at han ein gong hadde fått vore skippar på det gjæve skipet til Nicolas og at han sikkert fekk lov å vera skippar igjen når rønna ein gong stod ferdig.

Men slik ufyseleg prat førte ikkje fram. Til slutt fekk dei med Sissel frå Leire og andre til å love eit ofseleg høgt tal med gullpengar.  Sissel frå Leire var svært glad for dette, for det var hennar menn som skulle byggje om rønna til å bli ein ljosande hall som skulle skine over heile verda og enda vidare.

Men allmugen var uroleg over at skattane skulle bli enda tyngre mens Fugle-Reidar kvar kveld sat med fjørpennen i ljoset av eit stearinljos og ikkje fekk brøken til å gå opp.

No veit heller ikkje eg, Øyvind, som skriv ned denne soga, korleis ho vil ende.

Illustrasjon: Möðruvallabók islandsk manuskript 1300 -tallet

Soga stod på prent i Fædrelandsvennen 5. juni  anno 2019

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 67 år, marxist, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.

Én kommentar til «Soga om den heilage Nicolas og den store gåva»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.