Soga om den heilage Nicolas og det store blotet i Vinland

Denne soga kunne du fyrst lese på den nye nettmagasinet Argument Agder.

I «Soga om den heilage Nicolas og den store gåva» fortalde eg om korleis Nicolas som ung mann drog i viking og samla store skattar og gull i Britannia. No er det å fortelja at Nicolas gav bod til frendar frå fjern og nær at dei skulle samlast i ein stor gildehall ein stad i Vinland. Der skulle haldast eit blote som ikkje hadde hatt sin make tidlegare.

Før reisa lot Nicolas byggja to staselege skip som flaug over havet fortare enn fuglane kan flyge. Gjestane både åt og drakk til dei blei så trøytte at dei berre datt som tunge sekkar ned i senger av lin og dun.

Slyng-Yngve heitte ein mann som var med på ferda. Han var ein mager mann utan hår, og derfor kalla nokon han for Slyng-Skalle. Han var med i hirden der han vakta Kongens skattar. No hadde det seg slik at Kongen i lang tid hadde gått viking og røva gull og gods frå mange land. Folk sa at skattane var så blitt så ofseleg store at dei kunne fylla opp grottene i eit digert fjell,  og at det burde vaktast av ein drage som spruta eld og eitr. Men i staden hadde Kongen vald Slyng-Skalle.

Fredrik den Hardbalne heitte ein annan mann som var med og var gamal frende av Nicolas. Han var også med i hirden og var Kongens lovseiemann. Han hadde ikkje fått løyve frå Kongen til å dra på gjestebod, så han visste ikkje heilt om han våga kalla seg lovseiemann eller berre den Hardbalne. Men han valde å kalla seg lovseiemann for det vekkja mest åtgaum blant dei framande gjestane.

Grunde-Arvid var også der. Han hadde ein gong fått vore skippar på eit av dei gjæve skipa til Nicolas og var svært byrg av det. Men det var lenge sidan han var stor hovding. No gadd få å røda med han, og med dette er han ute av denne soga.

Hyse-Henrik var ein annan mann som hadde segla mykje med Nicolas. Han hadde tidleg gått over til Kvite-Krist. Han var ingen stor viking og berserk, og under slaga gøymde han seg bort, folda hendene og bad til Gud om at Nicolas skulle sigre. For dette fekk han sylvmyntar av Nicolas. Alle kalla han Henrik den gode, og det likte han godt, så det kalla han seg sjølv også.

Han mælte dette kvadet med mild røyst:

Vise menn vitja

krybba til Kvite-Krist

Slik mann er eg

 

På ville vegar

fer farande folk

Eg peikar leia for dei

 

Sylvmyntar eg fekk

frå frenden min

Eg bryr meg ikkje om dei

så lenge eg eig mange nok

 

Nicolas sjølv var mest usynleg til stades, men alle visste kor han var. Mange merka seg at han og Slyng – Skalle kviskra saman i ein krok, men dei tenkte ikkje så nøye over det før nokre månader seinare.

Nicolas kvad dette kvadet:

Gjeve gåver eg gjev

Band eg bind

Kva er gale med det?

 

Mat og mjød opnar hjarta

Høvlege ord opnar hugen

Kva er gale med det?

No må det seiast at på den tida var det stor uro i verda. Pestar, krigar og ulykker hadde råka mange trællar, og fleire av dei ville ta opp steinar og stokkar for å gå til åtak på hovdingmakta. På blotet rådde dei mykje om dette. Dei lurte på om korleis dei skulle stogga trælane samstundes som dei rike kunne leve som før.

Kvedar- Sting heitte ein mann. Han var vidgjeten spelemann og kvedar og hadde fått namnet sitt for alle som høyrte han song, fekk sting i holdet. Han spela og song for gjestane, og dei song saman med Kvedar-Sting:

Atter og atter vil regnet falle

som tårer frå ei stjerne

som tårer frå ei stjerne

Atter og atter vil regnet seie

kor skjøre vi er

kor skjøre vi er

Så fylte dei opp lommene til Kvedar -Sting med så mykje drikkepengar at broka hans revna. Alle gjestane heldt kvarandre i hendene og lovte kvarandre at dei aldri måtte fortelje nokon om kva som hadde skjedd på blotet. Trælane måtte ikkje få vite kva slags planar som vart lagt for dei. Så drog alle gjestane heim til sitt.

No må det forteljast at etter nokre månader blei det kunngjort på tinget at Nicolas den heilage skulle ta over som Kongens skattvaktar etter Slyng-Yngve. Samstundes fekk fleire og fleire vite om blotet som hadde vore i Vinland, og at Nicolas og Slyng-Skalle hadde kviskra saman i krokane. Nokre nidingar meinte at dei to i løyndom hadde smidd ein pakt mot Kongen, og dette ryktet gjekk frå munn til munn. Slikt sladder blei kalla «trulause tiende» på den tida, og alle som spreidde slikt hat, stod i fare for å bli lagt i jern.

Fugle- Reidar var ikkje med på blotet. Som eg har fortald i førre soga, hadde han vore hovding over ein stor gard som synte fram ville dyr frå landet til blåmennene og andre stader ingen hadde høyrt om. Men Nicolas hadde utnemd han til hovding over hamna. Der skulle dei byggje om ei gamal rønne til å bli ein ljosande hall der dei skulle syne fram alle bilettavlene til Nicolas.

Fugle-Reidar sat kvar kveld med fjørpennn sin i ljoset av eit stearinljos og fekk framleis ikkje brøken til å gå opp. Han var redd for at han ville bli gløymd av Nicolas no som han skulle bli vaktar av Kongens skattar. Av og til når Fugle-Reidar kom seint heim til kona si om kvelden, sa han:  – Eg lurar på om eg gjorde rett da eg skifta venskap og bytta den beste frenden min Julius med Nicolas.

Det kan ikkje eg, Øyvind, som skriv ned denne soga, svara på. Eg skriv berre ned det eg har høyrt.

Illustrasjon: Möðruvallabók islandsk manuskript 1300 -tallet

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 72 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.

5 kommentarer til «Soga om den heilage Nicolas og det store blotet i Vinland»

Det er stengt for kommentarer.