Soga om ljostårnet

Lenge låg landet i mørke. Det var ei skodde som spreidde seg frå havet og innover land og låg som eit vått klede som ville kvele alt levande. Folk luta seg saman og sprang så fort dei kunne mellom fjos og hus.

For farande folk var det mest uråd å take seg fram. Sjøfolka kikka mot ei råk i skydekke for å finne eit stjerneljos dei kunne navigere etter. Men kysten og livet var full av undervasskjer, og dei var sjeldan merka.

Og skodda ville ikkje sleppe taket, verken over havskap eller landskap. Nettene var lange. Når dagsljoset endelig braut igjennom, så skunda folk seg ut for å tømme nattpotta før dei hufsa seg inn til vassgrauten.

Langs landevegen køyrde kjerrehjula seg fast i gjørma. Det var som sjølve tida hadde stansa opp og var som eit hjul som berre spann og spann i søla.

Rett nok lyste ei einsleg tranlampe opp i eit vindauge nokre stader. Det var dei såkalla lyktemennene som ville halde elden levande. Men ljoset flakka for lyktemennene kjempa mot fåvit og toskeskap. Mørkemennene var så mange. Det var som om dei myldra fram frå under steinar i skogen og djupe holer i berget.

Mørkemennene var eit plaga folk. Dei var mot alt, mot alle endringar. Dei var som hjul som spann og spann i gørra. Dei hadde berre eit ynskje: Å få meir sukker til vassgrauten.

No må det forteljast at det var ein bergingsmann.  Av frendane sine blei han kalla den heilage Nicolas. Han hadde i ungdomen dratt på vikingferd og samla ofseleg mange gullmyntar ved å gøyme skattar i røvarholer over heile verda. No hadde han kome heim og gått i teneste hjå Kongen. Han hadde mange myntar igjen og hadde også kjøpt ein mengde bilet-tavler og annan stas.

Nicolas var svært imot mørkemennene; han åt aldri vassgraut, verken med eller utan sukker. No ville han gje av skattane sine til lyktemennene slik at dei kunne spreie ljos over hus og heim og inn i hugen til mørkemennene.

I løyndom samla lyktmennene seg på tingvollen. Dei hadde fått med seg dei viktigaste hovdingane frå kyst og innland. Skogen omkring var mørk og dyster, men faklane lyste opp dei alvorlege andleta. Noko måtte gjerast.

Ein av frendane til Nicolas, den mektige Furre-Harald, trådde fram i ringen og mælte dette kvadet:

 

Eit tårn vi lyt byggja

som lyser over heile verda

og enda vidare

Der vil vi hysa

dei gjeve gåvene

Nicolas har gjeve oss

 

Der skal borna få leika

Spelemenn skal spela

dei venaste slåttar og stev

Dei eldre skal få eta

spekeskinke frå finaste fat

Den tunge tida er til endes

 

Då Harald hadde kveda desse orda, høyrde dei alle at det kom eit stort sukk frå havet. Det var som det store hjulet hadde løyst seg frå søla og kome i rørsle.

Det stod ein ruadlet mann i knebrok i skuggen og skreiv ned alt det Harald mælte på eit kalveskinn.  Han trådde no fram og lot alle hovdinga sette bumerke sitt på kalveskinnet.

Det var likevel eit hinder: Kven skulle slepe steinane til ljostårnet? Dette kunne berre vere mørkemenn. Og kven skulle overtyde dei om at dei måtte gje meir myntar til futen for å få dekt kostnadene til ljostårnet når dei ikkje ein gong hadde pengar til varme hus og sukker og smør til grauten?

Det var ikkje lett. Og eg har heller ikkje noko svar. Eg veit berre at gjennom soga har menneske bygd tårn som kitlar føtene til gudane. Men etter nokre år har dei falle i grus.

Tegning: «Babels tårn» ved Gustave Doré 1863
Dette er fjerde soga i ein serie. Du kan lese desse i denne rekkkjefylgjen:

Soga om den heilage Nicolas og den store gåva

Soga om den heilage Nicolas og det store blotet i Vinland

Soga om møtet mellom Fykse-Olav og Nicolas den kaute

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 72 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.