Thorbjørn heiter ein mann. Han har gjeve fredsprisen til leiaren for verdas sterkaste hær og til venene sine i Europaflokkin.
Han er no noko tilårskomen, men framleis ein stor høvding som bur i eit gildt slott med hundehus, kone, tenarar og god innkomst. Vonde tunger seier han har for store tankar om seg sjølv, og at dette er i strid med det folk røyner når dei treffer han på tinget eller blote. Ikkje veit eg, eg har berre samla nokre sitat opp gjennom soga:
Klassiske sitat frå Jagland:
1994:
Dagen før han tapte EU-avstemninga i Noreg:
Den siden som forsøker seg med triks og slagord, vil tape.
2001:
Etter ein utenlandstur som utanriksminister:
Jeg ser norske flagg overalt der jeg reiser.
Kjelde: Terje Tvedt: Verdensbilder og selvbilder (2002), side 141
2001:
Norge er blitt en stormakt i internasjonalt fredsarbeid.
Kjelde: Dagsavisen 12/5
2001:
Aldri har begrepet «humanitær intervensjon» hatt større mening enn akkurat nå og vært mer påkrevd enn i dette tilfelle.
Dette er om USAs og NATOs intervensjon i Afghanistan. NUPI skole skriv at dei totale militære tapa utgjør rundt 50–60 000 mot 21 000 sivile i perioden 2001 til 2014. Noreg er framleis i krig i landet.
Kjelde: Gunnar Garbo: Også krig er terror (2002) side 54
2002:
Norge er en humanitær stormakt.
Kjelde: I boka si Vår sårbare verden
2011:
EU er den høyeste form for sivilisasjon.
Kjelde: Dag og Tid 16/12
2012:
Jeg er den mest uavhengige personen i hele Europa og er forpliktet til å være det.
Thorbjørn Jagland meiner enkelte kritikarar tar feil om han, og at han ikkje har noka uheldig dobbeltrolle som leiar av både Europarådet og Nobelkomiteen
Sjå http://www.nrk.no/video/PS*8006
Bonus:
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/jagland-omtalte-president-som-bongo-fra-kongo/a/1159979/