Eit høgdepunkt i Kjartan Fløgstads nyaste roman «Due og drone» er der han fabulerer om at skribentorganisasjonen DE HVITE PENNENE vinn Nobels Fredspris om nokre år. Her følger eit utdrag frå boka (side 398):
For sin innsats både som skriftbasert pennespiss og som spydspiss i kampen for det frie ord blei organisasjonen tildelt Nobels fredspris, utdelt av formannen i Nobelkomiteen, dr. philos. Knut Olav Åmås ved ein høgtideleg seremoni i Oslo Rådhus i nærvær av høge representantar for kongehuset og styresmaktene, for arbeidet sitt i kampen mot falske nyheter. Ingen har gjort meir for å oppretta og halda ved lag strenge, ja absolutte grenser mellom sant og falskt, sanning og løgn enn nettopp denne organisasjonen, lydde grunngjevinga ved prisutdelinga. I den utvida og internasjonalt sammensette komiteen sat også tidlegare stortingspresident Bård Hokserud, den franske filosofen Bernard-Henri Lévi, musikaren BONO (Paul Davis Hewson) og den høgt verdsette fredsmeklaren Tony Blair, som to år tidlegare hadde tildelt fredsprisen til NATOs dåverande generalsekretær Jens Stoltenberg, for, som det stod i lovtalen, «hans utrøyttelege innsats for å forsvara og særleg for å ha fremma og fått vedtatt eit framlegg i FNs hovudforsamling som kravde at i alle liberale demokrati skulle forsvarsbudsjettet aldri vera lågare en 4 – fire – prosent av brutto nasjonalprodukt.»