Walid al-Kubaisi: Brubyggjaren som venstresida mistydde

Forfattaren Walid al-Kubaisi er død. Han blei berre 60 år. Han hadde ei viktig og sjølvstendig stemme i samfunnsdebatten der han var ein brubyggjar mellom arabisk og norsk kultur. Det er tragisk at han døydde såpass tidleg, men også tragisk at den såkalla venstresida ikkje klarte å sjå at det var ein fridomskjempar som var midt i blant oss. Årsaka var at han var så kritisk til politisk islam.

Typisk i så måte er denne ytringa han gjer i eit siste intervju med redaktøren av Dag og Tid, Svein Gjerdåker:

– Privat må folk kunna gå som dei vil. Men hijab høyrer ikkje heime i skulen eller på jobb. Hijaben er for meg eit symbol på politisk islam og ei tru på sharia, kalifatet og eit teologisk system som kolliderer med demokratiet. Det har ingenting med norske og vestlege verdiar å gjera. Går ein med hijab, fortel ein omverda at ein vil at Koranen skal vera med og styra samfunnet.

al-Kubaisi kom opprinnelig frå Irak der han tilhøyrte den ein gong så mektig Kubaisa-klanen frå landbyen Kubaisa ved ein oase utafor Bagdad. Kubaisa-klanen kom etter kvart i opposisjon til Saddam Husseins styre som henretta fleire hundre av dei , og Walid flykta frå landet for å unngå å bli soldat i krigen mot Iran der blant anna broren hans blei drepen. Han flykta via Syria, Tyrkia, Libanon og Polen og enda opp i Noreg i 1986.

I femten år arbeidda han i nynorskavisa Dag og Tid. I intervjuet med Gjerdåker  har han eit Pauli ord å seie til alle dei som ser ned på norsk kultur og språk og som vil setje “norske verdiar” i hermeteikn:

– Eg elskar nynorsken, det er språket til englane. Eg har teke til å tru at norsk poesi i framtida må skrivast på nynorsk. Det er noko med klangen som er uslåeleg. Eg er lei meg for motstanden som nynorsken har opplevd. Men eg veit grunnen: nordmenn har ikkje tru på seg sjølve og eigen identitet, og dei har gløymt opphavet sitt. Dei har til og med gløymt Ibsen, Wergeland, Vinje og Garborg.

Sjølv definerte han seg som sufimuslim. Han arbeidda som ein kritisk intellektuell i tradisjonen frå dei franske opplysningsfilosofane. Henrik Wergeland var hans store norske ideal. Han skreiv både på bokmål og på nynorsk.

al-Kubaisi var ikkje politisk stoverein. Han uttalte seg mellom anna positivt om Hege Storhaug og boka hennar om islam som den ellevte landeplagen. Slik gjer ein ikkje ustraffa i Noreg. Men kven av kritikarane hadde eigentleg lese boka til Storhaug? Og kven hadde lese hans kritiske vurdering av boka hennar? Dersom ein berre les tekstar som bekreftar eigne synspunkt, utviklar ein seg ikkje politisk. Intellektuell latskap er ein type sjølvskading.

Han seier i intervjuet:

– Mange har prøvd å klistra meg til høgreekstremistar fordi eg er kritisk til politisk islam. Men eg lèt meg ikkje styra av ideologiar, berre av verdiar og prinsipp. Inst inne kjenner eg meg som ein venstreradikalar, det har eg alltid gjort. Det har difor vore slitsamt og krevjande å få urettvis kritikk frå venstresida. Men det får så vera. Eg ser på mykje av den norske venstresida som eit deformert barn av høgresida. I Noreg har venstresida i praksis støtta islamismen og dei konservative muslimane med alt dette dialogpratet. Dei går ikkje i dialog med ekstremistane på høgresida. Kvifor er dei då så sjenerøse andsynes islamistar?

Eg møtte aldri Walid,  og det synst eg er trist.  Eg hadde særleg stor glede av å lese tekstane hans i Dag og Tid der han skreiv om soga til slekta si og sitt eige liv. Ein del av dette er samla i boka “Blekk og blod” som kom ut i 2016. Han skreiv også fleire barnebøker.

Sjølv om han no er død, er det ikkje for seint å lese bøkene og artiklane hans. Les dei kritisk, det ville han ha setje pris på. Fleire av tekstane hans finn du her og her.

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 72 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.

3 kommentarer til «Walid al-Kubaisi: Brubyggjaren som venstresida mistydde»

Det er stengt for kommentarer.