Fredsprisen til DE HVITE PENNENE ?

Eit høgdepunkt i Kjartan Fløgstads nyaste roman «Due og drone» er der han fabulerer om at skribentorganisasjonen DE HVITE PENNENE vinn Nobels Fredspris om nokre år.  Her følger eit utdrag frå boka (side 398):

For sin innsats både som skriftbasert pennespiss og som spydspiss i kampen for det frie ord blei organisasjonen tildelt Nobels fredspris, utdelt av formannen i Nobelkomiteen, dr. philos. Knut Olav Åmås ved ein høgtideleg seremoni i Oslo Rådhus i nærvær av høge representantar for kongehuset og styresmaktene, for arbeidet sitt i kampen mot falske nyheter. Ingen har gjort meir for å oppretta og halda ved lag strenge, ja absolutte grenser mellom sant og falskt, sanning og løgn enn nettopp denne organisasjonen, lydde grunngjevinga ved prisutdelinga. I den utvida og internasjonalt sammensette komiteen sat også tidlegare stortingspresident Bård Hokserud, den franske filosofen Bernard-Henri Lévi, musikaren BONO (Paul Davis Hewson) og den høgt verdsette fredsmeklaren Tony Blair, som to år tidlegare hadde tildelt fredsprisen til NATOs dåverande generalsekretær Jens Stoltenberg, for, som det stod i lovtalen, «hans utrøyttelege innsats for å forsvara og særleg for å ha fremma og fått vedtatt eit framlegg i FNs hovudforsamling som kravde at i alle liberale demokrati skulle forsvarsbudsjettet aldri vera lågare en 4 – fire – prosent av brutto nasjonalprodukt.»

Vidare skriv Fløgstad:

I grunngjevnga for fredsprisen til De hvite pennene blei det særleg lagt vekt på organisasjonens innsats for språkleg rensing, ved å gi den offentlege samtalen eit meir einskapeleg preg. Utøyla folkestyre eller demokrati blei nå kalla med sitt rette namn, som var populisme, eit samleord for det som utgjorde eit globalt trugsmål mot vestlege verdiar. Det same gjorde radikaliserte enkeltpersonar, som måtte nedkjempast med alle middel. Ved at De hvite pennene konsekvent brukte den nye nemninga globalisering i staden for det forelda omgrepet imperialisme, fekk stadig fleire augo opp for dei positive sidene, rettare sagt det historiske naudsynlege ved denne verdsomspennande prosessen. Like viktig på lang sikt var utan tvil at den terminologiske endringa også bestemte algoritmane  som sette dei beste datamaskinane i stand til å avgjere kva slags utsegner som var sanne og kva som var falske nyheter. Ved hjelp av streng algorimestyring tok den liberale delen av det politiske systemet opp kampen mot den demokratiske delen.

Som all god satire balanserer dette mot dei skremmande tendensane vi kjenner så altfor godt igjen i samtida.

Fløgstad skriv vidare om at namnet på prisvinnaren er «ei samanstilling av skribentorganisasjonen PEN International og De hvite hjelmene i Syria.» Dermed markerer dette at «De hvite pennen skreiv ned sanningas språk med kvitt blekk på ein bakgrunn av nattsvarte løgner og ideologisk formørking i totalitarismens Svarte bøker».

Stoltenberg får gjennomgå fleire stader i boka og blir kalla «Trumps torpedo» og «Feltmarskalk Jens av Benghazi, luftrommets herre over Libya, Azovhavets store betvingar». (side 472). Les vidare på eigen hand.

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 73 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.