Skal norsk historie ut av skulen?

Borgund stavkykje i Lærdal. foto: Øyvind Heen, VistitNorway.com

Framlegget til historie frå Utdanningsdirektoratet bryt med tradisjonen i dette skulefaget. Faget gir ikkje lenger ei felles nasjonal referanseramme. Alt blir individualisert. Det er ikkje lenger noko skilje mellom norsk og internasjonal historie. Ingen konkrete historiske hendingar, epokar og personar er nemnt i planen.

I den eksisterande planen er det eit skilje mellom Vg2 (annen klasse) og Vg3 (tredje klasse) I Vg2 var pensum norges- og verdshistorie fram til ca. 1750 mens nyare historie er tematisert i Vg3. Nå er blir dette skilje oppheva samtidig som kronologen i faget er fjerna.

Læreplanane etter Kunnskapløftet 2006 introduserte kompetansemål som retningsgivande for opplæringa. I historie er desse måla generelle, men

eg og mine kollegaer har likevel til no kunne undervise i historie etter tradisjonen i faget og følgt ei kronologisk line: I noregeshistorie har det tydd at vi har følgt lina frå dei første busettinga til vikingtida, frå Noregsveldet på 1200–talet til svartedauden, deretter frå unionstida under Danmark til Grunnlova i 1814 fram til innføringa av parlamentarismen og unionsoppløysinga med Sverige, industrialiseringa i fleire faser, okkupasjonsåra og etterkrigstid fram til vår eiga samtid. Tilsvarande i verdshistorie: frå dei første elvekulturane til antikken med epokane fram til i dag.

Dette har gitt oversikt og meining. I tillegg har elevane lært kjeldekritikk. I undervisninga har vi kunne støtte oss på læreverk som er oversiktsverk over eldre og nyare historie.

Eg kan ikkje sjå at det er mogleg å undervise på denne måten etter den nye planen som er full av høgstemte formuleringar som: «Elevene skal opparbeide seg innsikt i og oversikt over viktig historisk innhold, temaer og perioder gjennom arbeid med store spørsmål.»

Utdanningsdirektoratet ønsker å «fornye læreplanene ved å gjøre dem mer relevante for framtiden», mens fortida mistar si eigenverdi. Alt skal tydeligvis relaterast til elevane sin konkrete situasjon.

Frå 2020 skal det iverksetjast nye planar som vidareutviklar Kunnskapsløftet  frå 2006 og skal gi alle skulane eit verdiløft, kva no dette skulle tyde. «Det er besluttet at folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgerskap og bærekraftig utvikling skal være tverrfaglige temaer i de nye læreplanene», skriv Utdanningsdirektoratet.

Siden historiefaget også skal innehalde dei tverrfaglege kjerneelement, blir dette også ei tvangstrøye som blir tredd nedover historiefaget. Under «livsmestring og folkehelse» finn eg denne merkelege formuleringa: 

Livsmestring innebærer også å mestre kildekritikk, stoffutvalg og å gjenkjenne historiebruk. Dette er sentralt for å kunne forstå og delta i den offentlige samtalen.

 Det er 32 mål for opplæringa der eleven skal utforske og undersøke kjelder, trekke samanlikningar, vurdere, presentere, diskutere og drøfte historiske spørsmål. Elevane skal tydelegvis bli historikarar og forskarar utan at historiefaget sørgjer for at dei har nokon grunnleggjende historiske kunnskapar. Norsk historie og norske forhold blir ikkje nemnt spesifikt i desse kompetansemåla.

La meg nemne eit kompetansemål: «Målet for opplæringa er at eleven skal utforske sentrale teknologiske omveltninger og reflektere over hvordan de endret menneskers livsbetingelser og formet forventninger til framtida».  Om dette tema finst det sjølvsagt ei heilt uoversiktleg og enorm mengde kjelder. Ein historikar vil gjennom eit langt liv kunne forske på ein avgrensa del av denne tematikken. Det er ei fornærming mot historiefaget å tru at ein skoleelev skal kunne seie noko som helst vettug om dette utan nokre forkunnskapar. Og det er over 30 tilsvarande kompetansemål der læraren skal gi vurdering undervegs. «I standpunktvurderingen skal læreren vurdere den samlete kompetansen i faget», heiter det i forslaget. Dette stiller lærarane overfor ei heilt umogleg oppgåve.

Eit anna problem vil vere at undervisninga vil variere frå lærar til lærar, frå skule til skule og frå fylke til fylke. Lærebøkene vil vere svært forskjellige frå forlag til forlag.  Meininga er nok at skulane ikkje skal investere i papirbøker. Det blir billigare å la elevane søkje på nettet. Som tidligare kunnskapsminster Kristin Halvorsen uttrykte det: «Kunnskap er kun et tastetrykk unna».

Alle erfarne historielærarar veit at å arbeide med avanserte historiske problemstillingar krev kunnskapar og oversikt over historia – noko dei færraste tenåringar har, for å seie det forsiktig. I grunnnskulen er ikkje historie eige fag.

Skulen skal ikke utdanne historikarar. Eit mål med historieundervisninga bør i første omgang vere å gi alle grunnleggjande kunnskapar om dei viktigaste historiske epokane nasjonalt og internasjonalt. Dessutan bør faget også gi ein presentasjon av forskjellige politiske ideologiar.

Eit begrep i planen er «historisk empati». Kva tyder det? At ein norsk elev anno 2020 sit bak sin PC i klasserommet og prøver å leve seg inn i korleis det var å vere egyptisk farao eller slave på ein gummiplantasje i Brasil på 1800-talet?

Det nye historiefaget byggjer på den norske statens ideologiske fundament som skal fremje «gode» verdiar som demokrati, medborgarskap, likestilling, menneskerettar og kulturelt mangfold. Det nasjonalbyggjande er fjerna ein gong for alle. “Norske verdiar” er blitt eit tabuord. Og ei samanhengjande innføring i norsk historie blir erstatta med fragment som elevane kan finne fram på nettet.

Dette representerer ei ytterleggående utvikling av ideene bak læreplanene i Kunnskapsløftet som skulle byggje på «globalisering, individualisering og pluralisme». Noreg kan dermed bli den første nasjonen som forlèt grunnsteinen i eit kvart lands utdanningssystem: Å gi elevane ei samanhengjande innføring i nasjonal historie.

Denne artikkelen er publisert som kommentar i “Dag og Tid” 23/11.

Artikkelforfattaren  har 25 års erfaring med undervisning i historie i vidaregående skule.

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 72 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.

Én kommentar til «Skal norsk historie ut av skulen?»

Det er stengt for kommentarer.