Kjell Ingolf Robstad må halde på dialekta si!

Kjell Ingolf Robstad foto: Astrid Waller, regjeringen.no
Først publisert på Argument Agder

Den nyleg avgåtte sjefen for Utlendingsnemnda (UNE), Ingunn-Sofie Aursnes, har vekt oppsikt fordi ho meiner at dialektbruken her i landet er spesielt krevjande for innvandrarar. Ho har særleg framhevd dialekta til statsråd Kjell Ingolf Ropstad frå Evje som vanskeleg å forstå. No seier Robstad sjølv at talemålet hans er ein del av identiteten hans.

I Noreg har dialektene ein høg status. Vi kan seie at dette er ein norsk verdi. Vi har ikkje noko normalisert talemål i Noreg slik dei har i nabolanda våre. Det har sjølvsagt samanheng med den spesielle norske språkhistoria med to jamstelte skriftspråk. Eit av dei, nynorsk, er jo tufta på norske dialektar.

Det er ikkje dialektene som er problemet. Få har problem med til dømes å forstå dei to metrologane, far og son Gislefoss, som kjem frå nabokommunen Vennesla sør for Evje og Hornes. Dei brukar talemålet sitt i radio og fjernsyn, men dei snakkar klårt og tydeleg. Problemet er nok heller at mange snakkar for fort og med dårleg intonasjon, og det gjeld like mykje austlendingar som sørlendingar.

Språk er kommunikasjon, men det er også uttrykk for identitet og kultur. Agder er det fylket i landet der dialektvariasjonen er størst. Dette er til sjuande og sist til gaman for alle, både dei som kjem frå landsdelen og dei som kjem utanfrå. Det er ikkje umogleg for ein innvandrar å lære å forstå norske dialekter om språkundervisninga legg til rette for det.

Utspelet frå UNE-sjefen er med på å tilspisse den generelle motstanden det er i mange miljø mot innvandring og ikkje minst mot at innvandrarane skal få rettar som går ut over norsk tradisjon og kultur. Det er uheldig at ein representant for det offetlege Noreg, går ut på denne måten og bidreg til å polarisere ordskiftet.

Derfor må Robstad halde på dialekta si. Så får vi heller diskutere om det er noko fornuft i det han seier!

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 72 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.