Historielause læreplanar

I dag har den nynorske vekeavisa “Dag og Tid” fleire artiklar om framlegga til nye læreplanar. Redaktør Svein Gjerdåker skriv ein leiar med overskrift “Vern om historiefaget”, journalist Eva Aalberg Undheim skriv om “Historielause læreplanar”, og eg skriv ein kommentar med tittel: “Skal norsk historie ut av skulen?”. Flott at avisa tek fatt i dette.

Gjerdåker skriv i leiaren om det nye historiefaget:

Kvar skule og kvar lærar vil no kunna leggja opp undervisinga meir etter eigne ynske. Det høyrest flott ut, men faget får ikkje lenger klare og tydelege rammer og tema som det skal undervisast i. Dermed mistar vi eit felles nasjonalt pensum og felles nasjonale læreverk, og vi svekkjer den nasjonale historieforteljinga vår i ei tid då vi treng å samlast om ein brei politisk fellesskap.

Når ein studerer utviklinga i norsk skule etter hundreårskiftet, må ein stille spørsmål om det ikkje har vore ein bevisst intensjon om å bryte opp det nasjonale fellesskapet gjennom ein nyliberal skulepolitikk.

Siste ord er ikkje sagt.

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 72 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.