Den gamle gravplassen mot havet

Det ligg ein gamal gravplass ned mot havet. Rustne jernkrossar står på skakke i vinden i møte mellom jord, himmel og hav.

Ein skulle tru ein var på Vesterhavsøyane, men ein er ikkje det. Ein er på Varhaug på Jæren, på gamal grunn der kyrkjegarden ligg mellom gravhaugar frå heidensk jernalder.

Den første kyrkja her blei bygd allereie på 1200-talet, seier soga. I dag står det eit lite kapell att.

Vraket av det russiske skipet «Ingermanland» flaut inn til Varhaug i september 1842. 389 sjøfolk mista livet, og mange av dei kviler i jorda her.

Det er reist ein minnestein over desse sjøfolka og “sjøfolk som her fekk si grav”. Men skrifta på steinen er i ferd med å bli viska bort av regn og vind.

Kven skal gjenopprette dei nesten utviska bokstavane slik at gløymska ikkje tek over?

Kyrjegarden er omkrinsa av steingjerde som også er som skrift frå fortida.

Dette er ein del av norsk soge og kulturarv som lett kan gli ut av minnet i ei tid som dyrkar det globale og spottar det nasjonale og lokale.

Kven er det då som skal ta vare på den nesten utviska skrifta slik at gløymska ikkje tek over?

foto: Øyvind 16/7 2019

Skrevet av

Øyvind Andresen

Jeg er 72 år, pensjonert lektor og fagbokforfatter. Tekstene er oftest skrevet etter samtaler og konsultasjoner med min kloke livsledsager Ingjerd. Du kan gjerne skrive kommentarer, men en minste betingelse er at du skriver under fullt navn.

2 kommentarer til «Den gamle gravplassen mot havet»

Det er stengt for kommentarer.