Kjell Ingolf Robstad foto: Astrid Waller, regjeringen.no Først publisert på Argument Agder
Den nyleg avgåtte sjefen for Utlendingsnemnda (UNE), Ingunn-Sofie Aursnes, har vekt oppsikt fordi ho meiner at dialektbruken her i landet er spesielt krevjande for innvandrarar. Ho har særleg framhevd dialekta til statsråd Kjell Ingolf Ropstad frå Evje som vanskeleg å forstå. No seier Robstad sjølv at talemålet hans er ein del av identiteten hans.
I Noreg har dialektene ein høg status. Vi kan seie at dette er ein norsk verdi. Vi har ikkje noko normalisert talemål i Noreg slik dei har i nabolanda våre. Det har sjølvsagt samanheng med den spesielle norske språkhistoria med to jamstelte skriftspråk. Eit av dei, nynorsk, er jo tufta på norske dialektar. Fortsett å lese Kjell Ingolf Robstad må halde på dialekta si!